Fullførte prosjekter

Måling og forklaring av diskriminering i arbeidsmarkedet

Prosjektet har som viktigaste mål å forklare årsaker til diskriminering i arbeidslivet og kor utbredt det er.

Diskriminering på arbeidsmarknaden oppstår når personar med dei same kvalifikasjonane og den same kompetansen blir behandla ulikt. Prosjektet vil forsøke å måle om innvandrarar blir diskriminerte på arbeidsmarknaden, og dersom det er slik, på kva nivå det skjer. Ved å kombinere eit nytt metodologisk forskingsdesign (correspondence testing) med solid empirisk forsking ved hjelp av registerdata, vil dette prosjektet gi oss ny kunnskap om årsakene til diskriminering og om kor utbredt det er. Prosjektet vil i tillegg ha fokus på kjønnsforskjellar blant innvandrarar, og samanlikne desse med kjønnsforskjellar i resten av befolkninga i Noreg. Dei viktigaste variablane vil vere tilgang til arbeid, karriere og lønnsforskjellar.

Ved hjelp av registerdata for hele befolkninga vil prosjektet sørgje for solide empiriske analysar av den norske arbeidsmarknaden, med spesielt fokus på korleis arbeidsmarknaden verkar for innvandrarar og deira barn (andregenerasjon), med såkalla ikkje-vestleg bakgrunn (frå land utanfor OECD, og Tyrkia), samanlikna med resten av befolkninga.

Den empiriske forskinga på diskriminering vil skje på to måtar:

  • Ved hjelp av felteksperiment for å teste korleis arbeidsgivarar oppfører seg (correspondence testing, med oppfølgingsintervju).
  • Ved hjelp av registerdata for å estimere kor makt mykje arbeidsgivarar har i arbeidsmarknaden, i forhold til tilgang til arbeidsmarknaden og lønnsforskjellar.

Prosjektledelse

Bård Jordfald

Oppdragsgiver(e)

UiO, Institutt for Sosiologi og Samfunnsgeografi

Prosjektperiode

2015