Dette notatet rapporterer eit forprosjekt som Fafo har gjennomført for LO Industri. Prosjektet skal gje eit oversyn over kva som er dei viktigaste arbeidstidsordningane som er i bruk i Noreg og EU-landa. Prosjektet skal særleg få fram kva som finst av arbeidstidsordningar som avvik frå vanleg dagtid. I denne rapporten nyttar vi begrepet «atypisk» om slike arbeidstidsordningar. Føremålet er å sannsynleggjere kva endringar i arbeidstidsordningar i norsk arbeidsliv som er aktuelle dei næraste åra. Prosjektet er avgrensa til dei yrke som er organiserte innanfor LO Industri.