Denne rapporten presenterer resultata frå prosjektet Det gode arbeid som Fafo har utført for Nærings- og arbeidslivsavdelinga i LO. Prosjektet analyserer korleis sentrale utviklingstrekk i norsk arbeidsliv påverkar vilkåra for å realisere det gode arbeid. Det har som føremål å opparbeide eit kunnskapsgrunnlag for strategien til fagrørsla for å forbetre det framtidige arbeidsmiljøet.
Prosjektet oppsummerer ein del av den norske og utanlandske forskinga som har relevans for temaet, og presenterer vidare hovudtrekka i dagens norske arbeidsmiljø basert på Arbeids- og levekårsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå.