Dei siste ti åra har kartet over norsk daglegvarehandel endra seg kraftig. I denne rapporten spør vi kva konsekvensar ein konsentrert daglegvarehandel får for bedrifter i nærings- og nytelsesmiddelindustrien som leverandør til daglegvarekjedene. Vi ser på utviklinga i industristrukturen over ein tiårsperiode for å sjå om kjedekonsentrasjonen fører til store endringar i næringsmiddelindustrien. Vidare spør vi kva strategiar industrien vel i dagens marknadssituasjon. Vi ser også på maktrelasjonen i forhandlingane mellom industri og handel.
Prosjekter er utført på oppdrag av Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund.