Denne masteroppgåva kartlegg og samanliknar endringar i kollektive partstilhøve i arbeidslivet og forhandlingsmodellar i Sverige og Noreg sidan år 2000, med særleg vekt på organiserte arbeidsgjevarar. Den komparative kasusstudien tar for seg utviklingstrekk i relevante eigenskapar ved kollektive partstilhøve i arbeidslivet i desse to landa siste to tiår. Oppgåva knyter an til pågåande debattar innan forskingslitteraturane om komparativ politisk økonomi og kollektive partstilhøve, vedrørande liberalisering av kollektive partstilhøve i arbeidslivet i vestlege samfunn. Gjennom samanlikning vurderast det kva konkurrerande argument innan desse debattane som mest treffande skildrar og forklarar svenske og norske utviklingstrekk.